13. jan. 2012

Svartholten


Torsdag 12.01.12 var det igjen tid for at me i 2FRI skulle på tur att. Denne gongen var det topptur som stod på planen. Eg og sikkert mangen andre, såg fram til denna turen. Wiihiiu! Me møtte opp ved friluftsliv lageret klokka 09.00. Der fekk me utdelt spadar og me tok buss opp på parkeringsplassen i Gunvordalen. Målet denne gongen var Svartholten. Då me hadde fått på feller på skia og alle var klare til å gå, byrja me å bevega oss opp mot Svartholten.


Trass i nokre startvanskar med feller som ikkje ville sitte som dei skulle, kom me oss greitt opp. Me gjekk fram til det var lunsj tid og då fiska fram spaden og bygde oss ei EPIC snøborg! Eventuelt berre ein halv-snåten benk… Etter me hadde ete gjekk me i ein liten time til før me tok av fellene og gjorde oss klar til nedturen. Snøforholda var ikkje av dei beste, skare og fokk-snø… ikkje braaaa. Og for dei som hadde fjellski kan eg tenka meg at det var ekstra vanskelig føre.




Måla for turen var å planlegge, gjennomføre og vurdere turer knyttet til lokal friluftslivstradisjon. Behandle og vedlikeholde redskap og utstyr slik at det til enhver tid er i orden. Vurdere betydningen av hensiktsmessig bekledning for ulike typer friluftsliv.  Vise kjennskap til den naturen eleven ferdes i, og praktisere et friluftsliv der hensynet til naturen er overordnet. Forklare de mest alminnelige varsler naturen gir oss. Og seff: Ha da kjekt! Eg synst at gruppa fungerte bra og eg trur alle er einige at det var ein fin tur.









1 kommentar:

  1. Supert at du hadde ein bra tur! Syntes de hadde ei fin snøborg eg:)

    SvarSlett