13. jan. 2012

Svartholten


Torsdag 12.01.12 var det igjen tid for at me i 2FRI skulle på tur att. Denne gongen var det topptur som stod på planen. Eg og sikkert mangen andre, såg fram til denna turen. Wiihiiu! Me møtte opp ved friluftsliv lageret klokka 09.00. Der fekk me utdelt spadar og me tok buss opp på parkeringsplassen i Gunvordalen. Målet denne gongen var Svartholten. Då me hadde fått på feller på skia og alle var klare til å gå, byrja me å bevega oss opp mot Svartholten.


Trass i nokre startvanskar med feller som ikkje ville sitte som dei skulle, kom me oss greitt opp. Me gjekk fram til det var lunsj tid og då fiska fram spaden og bygde oss ei EPIC snøborg! Eventuelt berre ein halv-snåten benk… Etter me hadde ete gjekk me i ein liten time til før me tok av fellene og gjorde oss klar til nedturen. Snøforholda var ikkje av dei beste, skare og fokk-snø… ikkje braaaa. Og for dei som hadde fjellski kan eg tenka meg at det var ekstra vanskelig føre.




Måla for turen var å planlegge, gjennomføre og vurdere turer knyttet til lokal friluftslivstradisjon. Behandle og vedlikeholde redskap og utstyr slik at det til enhver tid er i orden. Vurdere betydningen av hensiktsmessig bekledning for ulike typer friluftsliv.  Vise kjennskap til den naturen eleven ferdes i, og praktisere et friluftsliv der hensynet til naturen er overordnet. Forklare de mest alminnelige varsler naturen gir oss. Og seff: Ha da kjekt! Eg synst at gruppa fungerte bra og eg trur alle er einige at det var ein fin tur.









14. des. 2011

Fin dag i Dalen!

Halsavatnet

Fredag 25. november var det tid for at me skulle på tur igjen. Me starta å gå ved Fretland i sogndalsdalen og følgde vegen opp mot Djupadal. Då me kom opp til hundsvatnet var det planlagt at me skulle prøva å fiska me hendene. det var alt for mykje vatn i elvane rundt vatnet så dette gjekk ikkje. vidare var planen at me skulle gå langs Halsavatnet og opp til Nuken og der etter komma  på Åberge. Trass i veret som stadig vart verre heldt me fram å gå. og me var kule og rulte verden. 


fint vêr dao jaffla

Etter me hadde ete var veret fortsatt ikkje betra seg, og me vart ei9ge i at det var best å snu. Når me kom lenger ned letta veret. når me kom nedatt til hundsvatnet leikte me sheriff. Karoline vant daooeee. 


mi måtte no øve ein bekk da jaffal
me gjekk nedatt på fretland, der me starta. Der venta me på buss so køyde oss nedatt i Sogndal <3

Eg syns det var ein fin tur sjøl om veret var dorleg. Det var nyttigt at me fekk den erfaringen med å snu som me sikkert får bruk for ein anna gang i fjellet. eg lærte og at det alltid er lurt å ha ein plan B, og at veret skiftar ekstremt fort i fjellet. 


Her er måla me hadde for turen:



  • Planlegga, gjennomføra og vurdera turar knytta til lokal friluftslivtradisjon.
  • Kle seg hensiktsmessig og læra utstyret å kjenna slik at dette ikkje vert nokon begrensing for turen.
  • Praktisera bestemmningar for friluftsliv og allmenn ferdsel i utmark og ta hennsyn til naturen me ferdast i.
  • Ha da kjekt!




sjølv om me ikkje fekk fulføra turen så nådde me nesten alle måla.Eg hadde kledd meg etter været så eg fraus ikkje på turen. det var digg. På denna turen fekk me sett kor mykje riktig bekledning har å seie for kor kjekk turen blir. 

Vegard prøvde å eta synne :S

Xoxo
askiraski

30. sep. 2011

Storavatnet

Den 21 september reiste me på tur igjen. Dei 8 kulaste (sprekaste, tøffaste og modigaste) av 15 møtte opp ved friluftsliv-lageret klokka 09.00. Sidan me skulle bu i gapahuk denne gongen, tok me med oss presenning og tau. Me reiste ilag med friluftslivgruppa på idrett. Bussen gjekk ifrå Sogndal i 10-tida. når me kom fram te Kaupanger, gjekk me eit lite stykke opp i skogen og delte oss inn i grupper. (mi awsome kul og bæst gruppa: Helena, Vilde, Øystein og Aslak) Etter me hadde funne kompasskursen, byrja me å gå opp til Hauståker. Undervegs passa gruppene som gjekk fyrst å ta mange drikkepausar. Når me kom opp på hauståker åt me lunsh før turen fortsatte vidare oppover til Vardahei. Frå Vardahei og inn til Storavatnet var det ca. 2 km. Når me kom fram fann me ein høveleg plass der me kunne setje opp gapahukane. når gapahuken var oppkommen, fann me ved som me skulle laga bål av. Ute på ettermiddagen laga me middag og resten av kvelden chilla mi an rundt bålet, For ikkje å gløyma Torgeir sitt omvendt gøymsel...  Natta i gapahuken gjekk bra, litt frysing av og til, men dgb. 


Klokka 8 stod me opp og laga frukost. Så tok me ned gapahukane og rydda etter oss. Me gjekk ilag ned att til Vatnasete før me gjekk nedatt til kaupanger medan idrett gjekk vidare til Vesle Haugmelen. 

På hungerhaug lærte me om fyrstehjelp. Øystein knakk foten og Therese blødde noke so INSANE på foten! neida... yoda. 


Etter den dramatiske pausen på Hungershaug tok me fatt på siste biten ned att til riksvegen. Når me kom ned til riksvegen gjekk bussen ifrå Amla istadenfor Fodnes, berra før å vera vrange! Men kva er vel ein liten tur ned i Amla for ein gjeng sprekingar? 

måla for turen var å laga mat på bål, overnatta i gapahuk, læra fystehjelp. eg tykte me nådde desse måla greit. 


XOXO
askiraski