30. sep. 2011

Storavatnet

Den 21 september reiste me på tur igjen. Dei 8 kulaste (sprekaste, tøffaste og modigaste) av 15 møtte opp ved friluftsliv-lageret klokka 09.00. Sidan me skulle bu i gapahuk denne gongen, tok me med oss presenning og tau. Me reiste ilag med friluftslivgruppa på idrett. Bussen gjekk ifrå Sogndal i 10-tida. når me kom fram te Kaupanger, gjekk me eit lite stykke opp i skogen og delte oss inn i grupper. (mi awsome kul og bæst gruppa: Helena, Vilde, Øystein og Aslak) Etter me hadde funne kompasskursen, byrja me å gå opp til Hauståker. Undervegs passa gruppene som gjekk fyrst å ta mange drikkepausar. Når me kom opp på hauståker åt me lunsh før turen fortsatte vidare oppover til Vardahei. Frå Vardahei og inn til Storavatnet var det ca. 2 km. Når me kom fram fann me ein høveleg plass der me kunne setje opp gapahukane. når gapahuken var oppkommen, fann me ved som me skulle laga bål av. Ute på ettermiddagen laga me middag og resten av kvelden chilla mi an rundt bålet, For ikkje å gløyma Torgeir sitt omvendt gøymsel...  Natta i gapahuken gjekk bra, litt frysing av og til, men dgb. 


Klokka 8 stod me opp og laga frukost. Så tok me ned gapahukane og rydda etter oss. Me gjekk ilag ned att til Vatnasete før me gjekk nedatt til kaupanger medan idrett gjekk vidare til Vesle Haugmelen. 

På hungerhaug lærte me om fyrstehjelp. Øystein knakk foten og Therese blødde noke so INSANE på foten! neida... yoda. 


Etter den dramatiske pausen på Hungershaug tok me fatt på siste biten ned att til riksvegen. Når me kom ned til riksvegen gjekk bussen ifrå Amla istadenfor Fodnes, berra før å vera vrange! Men kva er vel ein liten tur ned i Amla for ein gjeng sprekingar? 

måla for turen var å laga mat på bål, overnatta i gapahuk, læra fystehjelp. eg tykte me nådde desse måla greit. 


XOXO
askiraski






18. sep. 2011

Fjærlandsete

bilde lånt frå Vilde

Tur Rapport
Det var ein spent gjeng som møtte opp ved friluftsliv-lageret, der me fekk utdelt utstyr. Me køyrde te Mannsverk, i Øvstedalen.  

Før me byrja å gå lærte me litt om kart om kompass. Me gjekk opp til Furusete der me åt. Me gjekk så vidare til Fjærlandsete. Undervegs så bytta telt-gruppene på å gå fremst å finna vegen.
Då me kom opp til Fjærlandsete fann me ein høveleg plass å setja opp telta. Då vi hadde satt opp telta så viste Torgeir oss korleis me brukte stormkjøkken.

Me hadde me fiskestenger, så me prøvde fiskelykka utan hell. (wtf likso!?) Når folk vart leie av å venta på at fisken skulle bita byrja me å laga middag. Det schmakke godt!  Det var godt humør på heile gruppa sjølv om det regna jamt heile dagen.

På returdagen gjekk me te fagreeggji, der vart det tid til fisking med mi fiskelukke fekk eg sæff ikkje fisk… hehe jaja. Gruppa kom seg greitt nedatt til Kolsete der me tok rutebuss nedatt til Sogndal. 

Eg tykte at alt gjekk rellativt greitt. Men neste gong me skal på tur kan eg ta me litt fleire plast-posar. Gruppa fungerte bra og alle deltok i fellesoppgåver. Eg lerte blant anna korleis planlegga ein tur, ta ut kompasskurs og laga mat på stormkjøkken.
Eg meiner me nådde måla som var å:
Planlegge, gjennomføre og vurdere tur med overnatting ved vatnmiljø.
Kle seg hensiktmessig å lære utstyret å kjenne slik at dette ikkjr vert nokon begrensing for turen.
Praktisere bestemningar for friluftsliv og allmenn ferdsel i utmark og ta hensyn til naturen me ferdast i.
få meir erfaring med korleis ein planlegg ein tur.

XOXO 
askiraski